Brukarmedverknad saman med born og unge føreset meir enn deltaking – det føreset reell innverknad
Læringsrik dag på seminar med faggruppe for brukermedverknad, 03. juni 2026.
Seminardagen sette søkelys på korleis vi kan lytte til ungdommens språk, erfaringar og perspektiv, og omsetje desse til kunnskapsbaserte handlingar. Ungdom er ikkje berre framtidige samfunnsborgarar, men aktive aktørar i dagens samfunn, og må møtast som likeverdige partar i utvikling av tenester og tiltak.
På seminaret fekk vi tankevekkane og lærerike presentasjonar frå Helse Bergens Ungdomsråd, RKBU Ung og ein erfaringskonsulent for unge frå Utekontaktens DUE.
Eit sentralt tema var betydninga av felles forståing av omgrep, språk og mål: Kva meiner vi med medverknad, og kva skal faktisk utviklast på bakgrunn av ungdom sine tilbakemeldingar? Uklår ordbruk og manglande oppfølging kan redusere opplevd legitimitet og føre til at viktige perspektiv går tapt.
Seminaret understreka òg behovet for ærleg og transparent kommunikasjon når ungdom deltek som brukarkonsulentar. For at medverknad skal opplevast som meiningsfull, må ungdom sjå at innspel fører til konkrete endringar – ikkje berre at dei blir høyrde.
Barn og unge sine stemmer er avgjerande i utforming av nye tiltak og satsingar. Reell brukarmedverknad styrkjer kvaliteten på løysingane og bidreg til eit meir heilskapleg og berekraftig samfunn.
Takk til dei ulike bidragsytarane på fagdagen:
«Ungdomsrådet i helse Bergen: brukermedvirkning på et system og tjenestenivå» ved Ingvild Fjeldstad Glesnes og Signe Johanne Estberg-Godsveen fra Helse Bergens Ungdomsråd.
«Fra prinsipperklæring til medvirkning ved RKBU Vest» ved Ann Heidi Nebb og Randi Træland Hella fra RKBU Vest.
«Fra ide til suksess – unge stemmer, ekte resultater» ved Jakob Bergen og Håkon Skjoldli fra RKBU Ung.
«Brukermedvirkning, ungdommens stemme» ved Louice Hetland, erfaringskonsulent ved Utekontaktens DUE (Der Ungdommen Er), Bergen kommune.
Presentasjonene finner du her:
Fra prinsipperklæring til medvirkning ved RKBU Vest
Fra idé til suksess – unge stemmer, ekte resultater
Ungdomsrådet i Helse Bergen: Brukermedvirkning på systemnivå og tjenestenivå
Skrevet av: Silje Vik Oppdatert: 19.06.2026 (Først publisert: 19.06.2026)