Prosjektet handlar om korleis unge kan få det betre på sosiale medier, og at det i større grad kan bli ein arena som fremmer unges helse og trivsel.
I prosjektet har dei samarbeida tett med to vidaregåande skular i Bergen, Amalie Skram vgs. og Arna vgs. Ved desse skulane er det gjennomførte fokusgruppeintervju av både elevar og tilsette. I tillegg har Folkehelseinstituttet utarbeida ein spørjeundersøking kor fyrste runde blei gjennomført ved alle vidaregåande skular i Bergen hausten 2020, og andre runde blei gjennomført hausen 2021.
Det blei peika på positive sider ved sosiale medier, som at ein kan få seg vener, finne andre som har same interesser, samt underhaldning. Men det var også ein del negative sider som deling av bilete og videoar mot eigen vilje.
Startar med undervisningsopplegg
Ein ting som kom fram i prosjektet var at ungdom sjølv etterlyste meir opplæring og rettleiing. Som eit resultat av dette er det utarbeida eit undervisningsopplegg for ungdomsskule og vidaregåande skule, som nå ska blir testa ut i perioden 2023-2025. På nettsida ungpasome.no kan du lesa meir om prosjektet og undervisningsopplegget.
– SoMe er ein arena på lik linje med skule og fritidsaktivitetar. Det skjer mykje bra der, men det manglar rollemodellar og rettleiarar slik ein har på andre arenaer. Vi håpar undervisningsopplegget kan auke bevisstheita og refleksjon rundt bruken av SoME, sa Saus.
Unik kombinasjon
Prorektor for regional utvikling ved HVL, Geir Kåre Resaland, opna konferansen saman med Randi- Louise Møgster, viseadministrerande direktør i Helse Bergen.
HVL har ei av landets største sjukepleiarutdanningar. Kvart år blir over 500 sjukepleiarar uteksaminert, i tillegg utdannar høgskulen studentar innafor sju andre helseprofesjonar.
– Vi utdannar morgondagens helsepersonell. HVL er til stades på heile Vestlandet – frå Haugesund i sør til Førde i nord – og blir svært viktige for å imøtekoma behova for helsepersonell og kompetanse i regionen i framtida, sa Resaland.
I tillegg til ei rekkje helseutdanningar, har HVL og ei stor ingeniørutdanning. Det er berre NTNU som utdannar fleire ingeniørar.
– Helse- og omsorgstenestene er i endring og omstilling. Mange tenester blir digitalisert og ny teknologi tas i bruk, det gjer og at vi må tenkje nytt i utdanningane. Vi må jobbe på tvers av fag og sektorar for å lykkes, og kombinasjonen av helse- og ingeniørstudentar set oss i posisjon til å vere med å bidra til å utvikle framtidas digitale helsetenester, sa Resaland.
Bilete: Prorektor for regional utvikling ved HVL, Geir Kåre Resaland, opna konferansen saman med Randi- Louise Møgster, viseadministrerande direktør i Helse Bergen. Foto: Mauricio Pavez, Medielab/Høgskulen på Vestlandet.
Meir tid til pasientane
Randi- Louise Møgster, viseadministrerande direktør, var klar på at ein må handle no.
– Vi kjem til å gå tom for personell før vi går tom for pengar i helsetenesta. For å redusere behovet for arbeidskraft i åra som kjem, må vi investere i teknologi og jobbe annleis, sa ho.
– Vi må digitalisere og automatisere oppgåver, men sørge for at det skjer på ein måte som gir tilsette meir tid til pasientane, og ikkje mindre, hald Møgster fram.
Møgster understreka at endringsleiing er viktig framover.
– Digitalisering utfordrar måten vi jobbar og samhandlar på, og måten ein organiserer arbeidet på. Det utfordrar medarbeidarar, men også oss som leiarar. Skal vi lykkast, så må vi ha fokus på leiing og endringsleiing, avslutta ho.
Bilete: Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Louise Møgster. Foto: Mauricio Pavez, Medielab/Høgskulen på Vestlandet.
Krafta på Vestlandet
Konferansen blei avslutta med innlegg av Monica Mæland, adm. direktør i Bergens næringsråd, med påfølgjande debatt om korleis næringsliv, kommunar, sjukehus, akademia og andre aktørar kan samarbeid for å utvikle helsenæring og ein berekraftig helseteneste for framtida.
Mæland trakk fram det nederlandske selskapet Philips som døme på ei bedrift som har satsa på helse.
– Mange forbinder Philips med lysrøyr, tv og radio, og det var dei veldig gode på. Men i dag er det eit av verdas største helseteknologiselskap, med ein enorm betydning for regionen og for Nederland, sa Mæland.
– Vi har som Nederland bedrifter med lange tradisjonar i ulike bransjar, men minimalt innanfor helse. Kan nokon bedrifter jobba saman med forskingsinstitusjonar i regionen og satse på verdas største og mest voksande marknad, spurte ho?
Mæland peika vidare på dei moglegheitene som finnes for å utvikle ei helsenæring på Vestlandet. Vestlandet står for 11 prosent av norsk verdiskaping, har 16 prosent av norske studentar og er Norges eksportfylke nr. 1.
– På Vestlandet er vi gode til å finne løysingar. Vi må bruke denne krafta til å få betre og meir berekraftige helsetenester for befolkninga, samtidig kan det bidra til næringsutvikling og eksportmogelegheiter for vår region, sa Mæland.