MENY

Tekprat – Innovasjon i helsesektoren – Våre haldningar til motstand og risiko

25.-25. mai 2021

Digital event

Vår haldning til mostand og risiko er ein viktig del av ein innovasjonskultur og seier noko om pågangsmot og vilje til å ta sjansar og teste ut nye idear, trass i at vi veit det er ein sjanse for å feile.

Kva haldning og erfaringar med motstand og risiko har tilsette som jobbar med digitalisering, forsking- og innovasjon i helsesektoren?
Vi ønskjer å nyansere omgrep som motstand, risikovillighet og det å “feile” eller gjere blunderar om du vil. Er det berre knytt til negativitet og ulydnad eller har det ein viktig funksjon i arbeid med å skape innovative helsetenester?
Agil utvikling og raskare implementering av ny og nyttig teknologi er ei viktig målsetjing for privat og offentleg sektor. Det føreset at vi bryt med den etablerte nullfeilskulturen og heier fram vår nysgjerrigheit og utforskartrang, men óg at vi skaper nye haldningar til motstand og risiko.
På TekPRAT 25. mai ønskjer vi å løfte fram to tre personar som har skapt nye helsetenester og få i gang ein samtale på kva som kan vere viktige haldningar til motstand og risiko i helsesektoren.

Påmeldingslenke

«Mot til å lære» – en boksamtale om hjelperens utvikling

27.-27. oktober 2025

Kantinen, Årstadveien 17, Alrek

Case søker masterstudent! Matchmaking mellom student og helsetjenestene

27.-27. oktober 2025

Edda, 0. etasje, Årstadveien 17, Alrek helseklynge

Nasjonal konferanse om kvinnehelseforsking

5.-5. november 2025

Universitetsaulaen,

Tverrprofesjonell fagdag

6.-6. november 2025

Midgard, Årstadveien 17, Alrek helseklynge