Folkehelsekonferansen Vest 2024 set søkelyset på fysisk aktivitet, og korleis vi kan inspirere til meir aktivitet. Det krev innsats av mange! Vi må tenke arkitektur og natur, idrett og politikk – kanskje bør vi få trening på blå resept?
Bli med og få ny kunnskap og forhåpentlegvis nokre tankevekkarar – som motiverer til handling.
Programmet er under utforming.
Om Folkehelsekonferansen Vest
2024 er første gongen vi arrangerer «Folkehelsekonferansen Vest». Konferansen er arvtakaren til den populære Folkehelsekonferansen i Bergen, tidlegare arrangert av Bergen kommune. No utvidar me horisonten til Vestland!
I Ã¥r set me særleg søkjelyset pÃ¥ fysisk aktivitet, og korleis folkehelse primært skapast utanføre helse- og omsorgstenestene. Vi ynskjer difor Ã¥ fortsetje Ã¥ samle folk frÃ¥ alle einingar i kommunane, frÃ¥ ulike fagomrÃ¥de i fylket, frÃ¥ politikken, akademia, frivillige organisasjonar og idrett, og frÃ¥ spesialisthelsetenesta – vi treng Ã¥ samarbeide pÃ¥ tvers om kompetanse og om tiltak som nyttar.
Så bli med å gjere konferansedebuten til ein suksess – for då kan me sjåast igjen også til neste år!