Brukerstyrt dag på helsepedagogikk-kurs for helsepersonell

Beskrivelse av hva som er utført i prosjektet

Med dette prosjektet ville vi auke helsepersonell sin kunnskap om brukarmedverknad og erfaringskompetanse. Dette ville vi gjere ved å byggje vidare på Lærings- og meistringssenteret i Bergen (LMS) sitt etablerte kurs i helsepedagogikk. Vi ønska å utvikle ein ekstra kursdag som skulle være fullt og heilt brukarstyrt. Målet var som ein pilot å gjennomføre to brukarstyrte dagar i samband med LMS sine to årlege kurs i helsepedagogikk.

Covid 19-pandemien og tilhøyrande restriksjonar gjorde at gjennomføringa ikkje kunne gå etter planen. Vi hadde planlagt å gjennomføre første brukarstyrte dag i november 2020, men måtte utsetje. Helsepedagogikk-kursa ved LMS har ikkje gått som normalt i perioden. Våren 2021 bestemte vi oss difor for å gjennomføre ein pilot av kursdagen i form av eit seminar for utvalde deltakarar. Dette vart gjennomført 17. juni for 20 personar, og vart godt evaluert.

6. oktober kunne vi endeleg gjennomføre brukarstyrt dag for helsepersonell. Det var ein kursdag på seks timar med både undervisning, diskusjon og workshops. Kursdagen vart også godt evaluert.

Program og evalueringsskjema for både seminaret og kursdagen er vedlagt.

Hva vil du si er det viktigste dere har oppnådd i prosjektet?

Det viktigaste vi har oppnådd i prosjektet er å spreie kunnskap om kva brukarmedverknad og erfaringskompetanse er, og skape diskusjonar om og refleksjon rundt korleis ein som helsepersonell kan integrere dette i sin yrkeskvardag. Vidare har vi fått eit viktig innblikk i kva som kan hindre brukarmedverknad i helsetenesta, både av praktisk og haldningsmessig art. Dette tek vi med oss vidare for å kunne utvikle enno meir spissa kursdagar med føremål å skape meir og betre brukarmedverknad i tenestene.

Beskrivelse av utbyttet av å samarbeide på tvers av miljøer i klyngen

Prosjektgruppa har bestått av to representantar frå brukarpanelet i Alrek, ein representant frå LMS og ein representant frå Faggruppe for lærings- og mestringsaktivitet i Alrek helseklynge. I tillegg har vi hatt god hjelp av ressurs frå Seksjon for samhandling i Helse Bergen. Samarbeidet oss imellom har vore fruktbart og effektivt, og vi har hatt godt utbytte av å nytte oss av kvarandre sine kompetansar.

Gjennom prosjektet har vi fått kontakt med ulike fagmiljø og betre innblikk i korleis desse arbeider med brukarmedverknad i helsetenester og forsking. Det har gitt oss verdifull innsikt i behovet for kompetanse og tilgang til ressursar for å styrke ulike partar sin moglegheit til å utvikle gode praksisar for brukarmedverknad innanfor sine ulike felt, samt at kontakten mellom oss og andre som har interesse for tematikken har blitt etablert. Prosjektet har slik bidratt til å styrke ideen som ligg til grunn for etableringa av prosjektet «Ressurs- og kompetansesenter for brukermedvirkning i Alrek Helseklynge» som er blitt tildelt samarbeidsmidlar i Alrek for 2022.

Plan for videre arbeid og samarbeid relatert til prosjektet

Vi planlegg å vidareføre konseptet brukarstyrt dag og gjere det til ein del av det ordinære helsepedagogikk-kurset for helsepersonell ved LMS.

Line Sætre Skarstein, Marianne Håheim, Marie Tjelta og Kristin Tuven. Foto av Hilde Blindheim Børve.

PROSJEKTMEDLEMMER

LEDER

Marianne Håheim

Brukerrepresentant

MEDLEM

Marie Tjelta

Læring- og mestringssenteret, Helse Bergen

MEDLEM

Cathrine Bjorvatn

Spesialrådgiver, Helse Bergen

MEDLEM

Line Sætre Skarstein

Prosjektleder, Smart omsorg, Byrådsavdeling for eldre, helse og frivillighet, Bergen kommune

Oppdatert: 16.03.2022 (Først publisert: 04.03.2022)