Utvikling av innovativt undervisningsmateriell for åndeleg omsorg innan geriatri og psykisk helse

VID, HVL, Bergen kommune og Helse Bergen skal utvikle undervisningsmateriell innan åndeleg omsor, relevant for geriatri, demens, psykiatri og rus.

Prosjektets hovudmål

Prosjektet sitt hovedmål er å utvikle undervisningsmateriell innan åndeleg omsorg som er relevant for studentar og helsearbeidarar innan geriatri & demens og psykiatri & rus. Vi ønsker å bidra til at studentar og helsepersonell kan bli tryggare, modigare og opnare i møte med åndelege og eksistensielle forhold hos desse pasientgruppene.

Kva skal dere gjere i prosjektet?

Vi skal utvikle nokre produkt og vi skal styrke samarbeid lokalt, regionalt og internasjonalt for å nå målsettinga med prosjektet

  1. Samarbeide med 3. års studentar ved VID i Bergen om å lage 1 – 2 VR-filmar om åndeleg omsorg innan psykisk helse og rus i løpet av 2024. VID har topp utstyr og proffe folk til å lage slike filmar. Deler av tildelinga dekker kjøp av skodespel.

Filmane kan brukast i utdanning og i klinisk praksis. Utstyr til å vise VR-filmar vert meir og meir vanleg både innan utdanning og i klinisk praksis. Når filmane er ferdige vil vi tilby dei til samarbeidspartnarar her vest som HVL samt ut i klinikken der dei har tilgang på VR-utstyr. Dersom filmane blir tatt vel imot er vi opne for å dele dei med alle som er interesserte.

  1. Utvikle 1 – 2 filmar som inviterer til samtale og refleksjon kring problemstillingar frå praksis der meining, verdiar og tru blir satt i spel, der ein av situasjonane tar opp at personale eller pasienten har minoritetsbakgrunn.
  2. Ei større samling på hotell med internasjonale forskarar som arbeider med utvikling av undervisningsmateriell innan åndeleg omsorg. Deltakarar vil dele erfaringar og drøfte korleis ein kan dele det som er utvikla på tvers av ulike språk. Vi vil også kritisk vurdere kva som manglar av undervisningsmateriell.

Korleis kan resultata komme til nytte for andre?

Vi vil fritt delel det vi utvikler med utdanningar og praksis gjennom de nettverket vi har her vest.

Vi vil også gjere materialet tilgjengeleg på nettsidenen våre og formidle om det via FB.

bilde av steiner stablet i høyden
Foto: Colourbox

PROSJEKTMEDLEMMER

LEDER

Tove Giske

Professor i sjukepleie, VID, Institutt for sykepleie

95856632

MEDLEM

Ronny Heimli

Spesialrådgiver Etat for sykehjem, Bergen kommune

MEDLEM

Sølvi Anne Eide Lunde

Høgskulelektor, Høgskulen på Vestlandet

MEDLEM

Solveig Christophersen Olerud

Psykiatrisk sjukepleiar, rådgivar psykisk helse, Helse Bergen

MEDLEM

Linda Garvik

Erfaringskonsulent innan psykisk helse,

Oppdatert: 11.03.2024 (Først publisert: 11.03.2024)