Prøver ut Pasienten si legemiddelliste i Bergen

Riktig bruk av medisinar er viktig for pasienttryggleiken i helsetenesta. Hausten 2021 får fleire pasientar i bergenområdet vere med og prøve ut ordninga som skal sikre god oversikt over legemidlane dei brukar, i satsinga Pasienten si legemiddelliste. Lista er ei oversikt over legemidla pasientane skal ta, og både fastlegar og legar i sjukehusa får tilgang til den same oversikta i sanntid.

Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus er dei første sjukehusa i landet som tek i bruk løysinga. Onsdag 5. mai var alle involverte samla og presenterte status for arbeidet i prosjektet for helse- og omsorgsminister Bent Høie.

– Dette er ei stor hending for pasientane, pasienttryggleiken og for medarbeidarane i helsetenestene. Det vi no set i gong er eit særs viktig steg i riktig retning for å betre pasienttryggleiken, seier Eivind Hansen, administrerande drektør ved Haukeland universitetssjukehus.

Kjerstin Fyllingen ved Haraldsplass Diakonale sykehus seier seg einig. – Vi ser fram til å få på plass ei felles oversikt over pasientane sin legemiddelbruk, ei oversikt som er tilgjengelig på tvers av helsetenesta. Her vil informasjonsdeling i sanntid auke pasienttryggleiken gjennom å redusere risikoen for legemiddelfeil.

Sjukehuslege Katinka Nordheim Alme, i samtale med fastlege Regin Hjertholm og pasient Eva Skadal (75) Foto: Ingrid Lovise Færøyvik, Haraldsplass Diakonale Sykehus
Sjukehuslege Katinka Nordheim Alme, i samtale med fastlege Regin Hjertholm og pasient Eva Skadal (75)
Foto: Ingrid Lovise Færøyvik, Haraldsplass Diakonale Sykehus

Etter kvart som utprøvingsprosjektet kjem i gang, skal også helsepersonell på sjukeheim og i heimetenesta få tilgang til den same lista. Pasientane sjølv får tilgang til oversikta på Helsenorge.

Stegvis nasjonal innføring

Målet med utprøvinga i bergensområdet frå hausten av er å få viktig informasjon om korleis pasienten si legemiddelliste betrar måten å arbeide på og kvaliteten i behandlinga. Prosjektet skal samle erfaringar og læring før pasienten si legemiddelliste blir innført stegvis andre stader.

Det er Direktoratet for e-helse, Norsk Helsenett, Helse Vest RHF, Helse Bergen, Haraldsplass diakonale sykehus, Bergen kommune, ei rekke fastlegar i Bergen og fem leverandørar av pasientjournalsystem som samarbeider om utprøvinga. Endeleg dato for start av utprøvinga blir sett når både helsetenesta og leverandørane er klare for å endre system og arbeidsprosessar til hausten.

Fakta om pasienten si legemiddelliste

  • Pasienten si legemiddelliste er ei felles oversikt over dei legemidla pasienten skal bruke. Gjennom pasienten si legemiddelliste kan helsepersonell som behandlar pasienten dele legemiddelopplysningar. Dette gjeld, til dømes, legekontor, sjukehus, legevakt, sjukeheim, og heimesjukepleie.
  • I praksis tyder dette at legar skal oppdatere den same lista over legemiddel og at helsepersonell får betre moglegheit for å arbeide saman om legemiddelbehandlinga.
  • Pasientene får innsyn i si legemiddelliste på Helsenorge
  • Når opplysningar om pasienten sin faktiske legemiddelbruk blir meir tilgjengeleg på tvers av helsetenestene reduserer ein risikoen for legemiddelfeil.

Tekst og foto: Ingrid Lovise Færøyvik, Haraldsplass Diakonale Sykehus

Pasient Eva Skadal (75). Foto: Ingrid Lovise Færøyvik, Haraldsplass Diakonale Sjukehus

Oppdatert: 07.05.2021 (Først publisert: 07.05.2021)