Opna Forskingssenter for digitale psykiske helsetenester
Måndag 14. desember stod helse- og omsorgsminister Bent Høie for den offisielle opninga av Forskningssenter for digitale psykiske helsetjenester ved Haukeland universitetssjukehus.
Ved bruk av digital teknologi skal det nye forskingssenteret (forhelse.no) bidra til å auke tilgangen til psykiske helsetenester for alle aldersgrupper – både barn, unge, vaksne og eldre.
– Vi er veldig glade for at psykisk helse får denne moglegheita. Kvart år blir ein million menneske i Noreg direkte eller indirekte rørt av psykisk sjukdom, og berre 30 prosent av dei som treng hjelp, får rett hjelp til rett tid. Målet vårt er at bruken av digitale psykologiske intervensjonar skal auke til 15 prosent innan 2025 og til 20 prosent innan 2030, seier psykologspesialist og forskar Tine Nordgreen som leiar senteret.
Det var i juni 2020 Haukeland universitetssjukehus blei tildelt 183 millionar kroner frå Forskningsrådet og partnarinstitusjonane for å starte senter for forskingsdrevet innovasjon.
Senteret samarbeider med fleire næringslivs- og helsetenestepartnarar, og skal forske på utvikling og spreiing av digitale intervensjonar innan mental helse i samarbeid med e-helsenæringen. I senteret er tre Alrek-partnarar med: Helse Bergen, UiB og Bergen kommune.
– Alle som er med som partnarar i senteret, er ambisiøse og innovative organisasjonar. Saman vil vi styrke kunnskapsgrunnlaget for å auke nytten og bruken av internettbehandling med rettleiing både i primær- og spesialisthelsetenesta, seier Tine Nordgreen.
Utvikling av nye tenester
Senteret skal jobbe med å utvikle, vidareutvikle og spreie digitale helsetenester. Døme på dette er utvikling av og forsking på effekten av eit angstprogram for ungdom som søker hjelp i kommunehelsetenesta, forsking på kost-nytte av eit program for kvinner med risiko for å utvikle fødselsdepresjon og forsking på kva som hemmar og fremmar nasjonal spreiing av «eMeistring» og «Mage-tarmskulen på internett», begge utvikla ved Haukeland universitetssjukehus.
– Fleire kan få rett hjelp
Helse- og omsorgsminister Bent Høie stod for den offisielle opninga av senteret som gikk føre seg digitalt. Under opninga var brukarfokuset til senteret sentralt. Dette er og ei viktig satsing i Alrek helseklynge.
– Digitale psykiske helsetenester kan bidra til å gi fleire rett hjelp til rett tid, og vi veit at mange ønsker eit slikt tilbod. Behandlings- og meistringstilbod på internett vil vere viktig for pasientane i framtida, sa Høie i opningstalen sin.
Høie var òg opptatt av at det trengst meir kunnskap om korleis ein kan auke nytten av digital psykisk helseteneste, og korleis dei ulike aktørane kan bidra for å få til dette.
– Derfor er eg veldig glad for å få moglegheita til å opne dette viktige forskingssenteret. Eg er sikker på at det vil skaffe ny og viktig kunnskap til beste for pasientane. Eg gler meg til å sjå kva de får til, gratulerer så mykje med dagen, sa han.
Administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland universitetssjukehus er stolt over at det nye forskingssenteret er lagt til fagmiljøet i Bergen.
– Eg er veldig stolt over det arbeidet som er gjort, og at Haukeland no har opna det første senteret sitt for forskingsdrevet innovasjon. Dette er ei viktig utvikling av ei teneste som betyr mykje for pasientane våre, seier Eivind Hansen.
Viktige partnarar
Forskingspartnarar i det nye senteret er Universitetet i Bergen, Handelshøyskolen BI, St. Olavs hospital og Nasjonalt senter for e-helseforskning. Tre internasjonale universitet er òg med på forskingssida: Vrije Universiteit i Amsterdam, University of Southern Denmark og Macquarie University i Sydney.
Meir om Forskningssenter for digitale psykiske helsetenester/Forhelse.no:
- Forhelse er eit 8-årig forskings- og innovasjonssenter finansiert av Noregs forskingsråd som ein del av ordninga med Senter for Forskningsdrevet Innovasjon (SFI). Målet er å frambringe kunnskap som bidrar til å løysa dei store samfunnsutfordringane og som gir nytte for befolkning, næringsliv og offentleg sektor.
- Forhelse skal bidra til å auke tilgangen til psykiske helsetenester – både for dei med ei primær psykisk liding og dei som skal meistre og leve med somatisk sjukdom.
- Forhelse består av pasientar, næringsliv, offentlege og private helsetenester og forskarar som til saman representerer kjøparane, leverandørane og brukarane av dei digitale psykiske helsetenestene.
For å nå målet om å auke tilgangen på psykiske helsetenester gjennom bruken av digital teknologi, skal Forhelse gjennom forsking få fram kunnskap om:
- Nytten av digitale psykiske helsetenester for pasientane
- Kostnadseffektiviteten av ulike organiseringsmodellar for digitale psykiske helsetenester
- Avgjerdsstøtte ved innføring av digitale psykiske helsetenester
- Effektive implementeringsstrategier for digitale psykiske helsetenester
All forsking i senteret skal ta utgangspunkt i desse konkrete digitale helsetenestene:
- eMeistring (spesialisthelsetenestene): For vaksne med angst og depresjon
- Mage-tarmskulen (spesialisthelsetenestene): For vaksne med irritert tarm
- Barne- og familiehjelpa (primærhelsetjenestene): For ungdom med psykiske plager og problem
- Mamma Mia (helsestasjonane): For kvinner med fødselsdepresjon
- Muskel- og skjelettplager (privat helseteneste): For vaksne med ryggplager
- Å leve med kreft (spesialist/primærhelsetjenestene): For vaksne under og etter kreftsjukdom
Les meir på nettsidene til Forskningssenter for digitale psykiske helsetjenester
Oppdatert: 16.12.2020 (Først publisert: 15.12.2020)