Godt gjennomført arrangement under Arendalsuka

18. august samla Idrettsklynge Vest, saman med Alrek helseklynge og Høgskulen på Vestlandet sentrale personar til å diskutere om vi set ein generasjon på spel. Saman med statssekretær Odin A. Bohmann frå kultur og likestillingsdepartementet blei det ein interessant samtale om e-sport og gaming og korleis vi som storsamfunn skal møte dette fenomenet dei neste 5 åra.

Arbeidet med regjeringas nye dataspelstrategi er i gang, og ny strategi skal vere på plass før året er omme. Sjølv om alle var einig i at denne fritidsinteressa er noko vi må ta på alvor, og at vi må legge til rette for sosiale møteplassar der born og unge kan dyrke interessa si i fellesskap med andre, var det ueinighet om kven som skal ta det store ansvaret. Medan statssekretær Odin A. Bohmann trekker fram biblioteka og fritidsklubbane som viktige arena med eit  ansvar for dette feltet, ynskjer delegasjonen frå Vestland at vi tenker breiare enn som så.

«Det er eit ord eg brukar veldig mykje meir enn andre, som er blitt mitt mantra og det er saman» forklarar fylkesordførar Jon Askeland. «Dette er så stort, og viktig for så mange. Skal vi som samfunn klare å møte dette fenomenet på ein best mogleg måte, trur eg det er viktig at vi setter dei kloke hovuda saman på tvers av siloar. Og det gjer vi nettopp her på Vestlandet gjennom Aktive Gamere konseptet», utdjuper Askeland.

Aktive Gamere er ein møteplass på initiativ frå Idrettsklynge Vest. Her samlar ein det offentlige, akademia, idretten, helse, gaming og e-sport miljøet rundt same bord. Målet er å få spelarane ut frå barne- og ungdomsromma og inn i sosiale fellesskap. Vi vil skape spelerom for alle. Aktive Gamere står blant anna bak www.aktivegamere.no der både kommunar, idrett, kultur, foreldre og gamere sjølv kan få svar på aktuelle spørsmål og hente kunnskap. Aktive Gamere bygger på 3 pilarar. 1. Saman kan vi meir 2. Gaming i balanse og 3. Inn med kunnskap ut med fordommar.

«Det er viktig for oss at vi har barn og unge i sentrum når vi skal møte dette populære fenomenet. Barn lev liva sine på tvers av sektorar, og då er det viktig at vi klarer å samarbeide på tvers av desse for å sørge for at vi legger til rette for gode liv, om det er på sjukehuset, i idrettslaget eller på fritidsklubben» fortel viseadministrerande direktør i Helse Bergen Randi-Luise Møgster. Sjølv har sjukehuset god erfaring med bruk av gaming både som behandling og rekreasjon innanfor sjukehusets 4 veggar, i tillegg er dei svært oppteken av jobben som gjerast i overgang frå sjukehus og tilbake til lokalsamfunnet. «Vi er innstilt på å ta eit ansvar utover det vi er pålagt for å sørge for at barn og unge kan oppleve meistring i gaming aktivitetar også i lokalsamfunnet, det er jo der dei skal leve liva sine. Vi trur også på koblinga mellom gaming og fysisk aktivitet, og her tenker vi idrettslaga kan spele ei heilt sentral rolle» avsluttar Randi-Luise.

Med på samtalen var også Norges idrettsforbund med idrettspolitisk rådgivar Per Tøien. «Det er mange ting som ikkje er landa i denne debatten. Blant anna korleis ein skal organisere denne fritidsaktiviteten. Vi trur på at det blir viktig å organisere det. Om det blir i idretten eller andre plassar er ikkje opp til meg å bestemme. Vår dør står open for dialog, og vi ser allereie at mange idrettslag har oppretta eigne e-sport grupper»

Styreleiar i Vestlandet e-sport Frank Willy Djuvik støttar Per Tøien i at vi må organisere e-sport på ein god måte. «Trygge vaksne som ser deg, trenarar som kan vere med å utvikle deg og legge til rette for meistringsopplevingar er like viktig i e-sport som i alle andre fritidsaktivitetar». Vi har allereide utdanna over 100 e-sport trenarar. Mange utan forkunnskaper om gaming og e-sport men med eit ønske å skape gode fritidstilbud for barn og unge.

Prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, Geir Kåre Resaland, var tydelig i si bestilling. Vi treng meir kunnskap om dette feltet, ikkje berre innanfor ein sektor men fleire. Vi har behov for eit nasjonalt senter for dataspeling og e-sport, og ser det som heilt naturleg at dette leggast til Vestlandet basert på den gode tverrfaglege jobben som har vore gjort her dei siste åra!» seier han med glimt i auget.

Saken er opprinnelig publisert på Idrettsklynge Vest sine nettsider.

Foto fra Idrettsklynge Vest

Oppdatert: 13.09.2022 (Først publisert: 13.09.2022)