Fleire har fått behandling for odontofobi under pandemien

Korleis har koronapandemien ført til at fleire i Vestland har fått hjelp til å bli kvitt angst for tannbehandling?

Då covid-pandemien sette ein stoppar for reiseverksemda, måtte odontofobiteamet ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland (TkVetland) tenkje alternativt. I staden for å reise ut til pasientar som held til langt borte, starta dei med kartleggingstimane via skjermen.

Digital inntakssamtale

Behandling av odontofobi er todelt. I første fase er pasientane i ein inntakssamtale med psykolog, som kartlegg om pasienten oppfyller kriteria for angstbehandling. Så tek ein spesialtrent tannlege over og gjer sjølve angstbehandlinga lokalt på klinikken. Det er den første fasen som takka vere pandemien har fått vind i segla.

Ved å ha samtalar digitalt kan psykologane snakke med pasientane uavhengig av geografi. Med psykologar på Stord og i Bergen tar det vanlegvis lang tid for dei å komme seg rundt i Vestland.

Mange fordelar

– Delvis grunna omlegging av tenesta, ikkje berre digitalt, har vi dei siste månadane sett at ventetida for pasientane har gått drastisk ned. Ved årsskifte hadde vi ventetid på opptil 16 månadar, no er vi nede i 12 månadar, og ved årsslutt er målet å halvere ventetida, seier Martha Sørensen, leiar for TkVestland.

Ei medverkande årsak til at ventetida har gått ned er at tannhelsetenesta har fått på plass den naudsynte bemanninga.

Sørensen legg til at dei har erfart at i opptil 90 prosent av tilfella har pasientane vore positive til digital behandling. Dei har ikkje forska på om digitale versus fysisk oppmøte på dei ulike pasientgruppene har gitt ulikt sluttresultat.

– Samtidig sparer vi penger. I framtida vonar vi å fortsette med dette i kombinasjon med fysiske møter, seier Sørensen.

Ein annan fordel med digitalisering er at dei også har kunne ha kurs eller undervisning i for fleire saman i ei gruppe som ein del av behandlinga via Teams.

Sjølve angstbehandlinga skjer fysisk hos tverrfaglege tannbehandlarteam og vidare behandling hos eit lokal behandlarteam , både privat og offentleg, og også her har det være mogleg å ha inne psykolog via skjermen undervegs ved behov.

Digitale fagdagar

Men digitaliseringa innan tannhelsetenesta stoppar ikkje der. Også undervisnings- og retteleiingsfunksjonen som TkVestland har for å heve kompetansen hos tannlegane i fylket vil i framtida i stor grad gå føre seg digitalt via til dømes digitale fagdagar.

– Spesialistane våre har ein undervisnings- og rettleiarfunksjon knytt til stillinga si. Dei rettleiar anna tannhelsepersonell i fylket dagleg ved førespurnad og gjev undervisning til tannhelsepersonell både i fylket og internasjonalt, seier TkVestland-leiaren.

Tidlegare blei fagdagane arrangerte fysisk i Bergen, og berre eit fåtal av tannhelsepersonell i fylket kunne delta. Men frå og med i år starta TkVestland med digitale fagdagar, til saman 11 fagdagar i året, der alt tannhelsepersonell i Vestland kan delta og få kompetanseheving.

– Når det gjeld møte mellom tverrfaglege behandlarteam på kompetansesenteret og tverrfaglege team i distrikta har vi hatt fellesmøte på Teams og vil fortsette med det for at vi kan samhandle betre, seier Sørensen.

Treng du hjelp?

Senter for odontofobi og lokale tverrfaglege team tar imot born, ungdom og vaksne med angst for tannbehandling eller sprøyteskrekk hos tannlege.

Les meir her

Teksten er laga av Jennifer Fossnes

FLEIRE FÅR HJELP: I det siste har ventetida for å bli behandla for odontofobi gått drastisk ned. Behandlinga er gratis. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock).

Oppdatert: 23.06.2021 (Først publisert: 23.06.2021)