16 millionar til tannhelseforsking

Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland (TkVestland) mottok i desember 16 millionar frå Norges Forskingsråd til forsking på samanhengar mellom munnhelse, hjartehelse, sosial status og livsstilsfaktorar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire institusjonar og med Vestland fylkeskommune, Nasjonalforeninga for folkehelse og Forbundet Tenner og Helse. Sentral i forskingssamarbeidet er Universitetet i Bergen med forskarar frå medisinsk og psykologisk fakultet.

Dette vil pengane gå til

Midla frå forskingsrådet skal brukast til eit fireårig forskingsprosjekt, der informasjon frå undersøkingane vert samanlikna og analysert. Prosjektet skal sjå på samanheng mellom munnholehelse, livsstilsfaktorar og hjartehelse. Det skal også kartleggjast korleis sosiale faktorar som inntekt, samlivsform og utdanning påverkar munnholehelsa.

Prosjektet går ut frå forskingsavdelinga ved TkVestland og forskningsleiar Ellen Berggreen er prosjektleiar. Tittel på prosjektet er «Oral health in adults: predictors, social gradients and correlation with cardiovascular health in women and men».

70-Ã¥ringane stiller opp

Forskingsdata om munnhelse vert henta inn frå deltakarar i befolkingsundersøkingane i Hordaland (HUSK1-3). Desse personane, som er født i 1950 og 1951, har delteke i undersøkinga frå oppstarten på 90-talet. I HUSK-undersøkelsane er det samla ein stor mengde informasjon om deltakarane si helse og om forhold som kan påverke helsa, som kosthald, livsstil, økonomi og utdanning. Gjennom munnhelseundersøkinga, HUSK-tannhelse, som starta opp i 2020, vert det no også samla inn opplysingar om munnhelsa.

Tannlegar i Den offentlege tannhelsetenesta gjennomfører undersøkinga som går føre seg ved Solheimsviken tannklinikk sine lokale i Bergen.

Munnhelse kan gje viktig informasjon

– Deltakarane spør ofte om kvifor vi gjer denne munnhelseundersøkinga, seier Siri Kvalheim, leiar for datainnsamling i HUSK-tannhelse.

– Ofte vert det nok gløymt at munnen er ein del av kroppen, men det er den jo. Bakteriar frå tenner og munn kan for eksempel gje lungebetennelse og det er vist samanhengar mellom bakteriar frå tannkjøtlommene og sjukdomar som diabetes og hjartesjukdom. Medisinar vi tek kan gje munntørrheit og auke førekomst av tannråte. Vi treng også å vite meir om munnhelsa til den vaksne befolkinga fordi det ikkje er samla inn data som er tilgjengeleg for forskarar, seier ho.

Foto: Siri Flagestad Kvalheim/Vestland fylkeskommune

MILLIONAR TIL FORSKING: Tannlege Mahmoud Atashgahy i HUSK-tannhelse sammen med pasient Astrid Dyngeland.
MILLIONAR TIL FORSKING: Tannlege Mahmoud Atashgahy i HUSK-tannhelse sammen med pasient Astrid Dyngeland. Foto: Siri Flagestad Kvalheim.

Oppdatert: 27.01.2021 (Først publisert: 14.01.2021)