MENY

Professor emeritus i nordisk språk, Gunnstein Akselberg har sett på namnet Alrek, og bakgrunnen for det.

Professor emeritus Gunnstein Akselberg
Professor emeritus ved UiB, Gunnstein Akselberg. Foto: Ingrid Endal, UiB

Namnet Alrek går tilbake på førstelekken i namnet Álrekstaðir, som var namnet på den eldste kongsgarden i Bergen. Mellom anna heldt Harald Hårfagre (d. ca. 940), Håkon den gode (d. ca. 960) og Olav Kyrre (d. ca. 1093) til her. Garden er omtala i fleire mellomalderbøker, mellom anna i Snorre si kongesoge Heimskringla og i den islandske ættesoga Gislesaga. Begge bøkene er frå 1200-talet, og dette viser kor viktig garden må ha vore i gamal tid.

Álrekstaðir

I mellomalderen hadde kongane fleire kongsgardar, dei flytte frå den eine kongsgarden til den andre. Kongane hadde ikkje faste opphaldsstader så tidleg. Kongedømmet var då eit såkalla reisekongedøme, etter tysk Reisekönigtum. Dei ovanemnde  kongane hadde også kongsgardar på Seim i Nordhordland og på Avaldsnes nord på Karmøy i Rogaland, men Álrekstaðir var nok ein av dei gjævaste og viktigaste
Det blir sagt at Harald Hårfagre var den første som samla Noreg til eitt rike. I denne samlingsprosessen var kongsgarden Álrekstaðir ein sentral opphaldsstad for kongen. Kongsgarden Álrekstaðir har såleis spela ei viktig rolle i Noregs-historia.

Namnet Álrekstaðir er sett saman av førstelekken Álrek og hovudlekken staðir. Hovudlekken staðir er ei fleirtalsform til nemninga stað ‘stad’, og tyder rett og slett ‘stader der ein bur’.

Álrekr

Førstelekken Alrek er den historiske forma til fjellnamnet UlrikenÁlrekr. Namnet Álrekstaðir tyder såleis ’garden (som ligg) ved Ulriken’.

Álrekr er sett saman av dei to norrøne lekkane al og rekr. Tydinga til al er ’heil, all, full’, og rekr tyder ’rik, mektig’. Til den same språklege rota høyrer både ríkr og rekja ’strekkja ut, rekkja opp’. Samansetjinga al + rekr tyder difor ’noko som ris opp’, ’noko som ruvar’, ’noko mektig’. Fjellnamnet Álrek tyder såleis ’det mektige fjellet’, ’fjellet som ruvar’.

Seinare er fjellnamnet Álrekr blitt blanda saman med mannsnamnet Ulrik under påverknad frå tysk. Den nye skriftforma kjenner vi først frå 1500-talet som Wldrich og Olrik. Først i nyare tid at vi har fått den bundne forma Ulriken.

Namnet Álrekstaðir vart trekt saman til ei kortare form etter som tida gjekk, slik at i 1520 vart namnet skrive Aarestadt, som altså er ei form som vi lett kjenner att som Årstad i dag.

Gunnstein Akselberg, 12.11.2018