Kva samfunnsøkonomiske verdiar ligg i helsedata, og kva er det som hindrar og fremjar utnytting av helsedata?
Vi inviterer til: Tekprat – Digital revolusjon i helsesektoren.
Torsdag 10. desember klokka 14.00-15-30.
Helsesektoren står overfor store utfordringar med fleire og meir krevjande pasientar og færre ressursar. Digitalisering av manuelle oppgåver og rutinar er derfor heilt naudsynt, og har tatt litt av etter Covid-19 traff Noreg.
Ein “biverknad” av digitalisering er at det genererer masse data som kan blir brukt til å gje ny kunnskap om helse og sjukdom, betre pasientsikkerheita og moglegheit til å utvikle nye og betre helsetenester. Folk hevdar at norske helsedata er dei beste i verda, men, strenge krav til personvern gjer det vanskeleg å få tilgang og bruk dataene. Bør vi løyse opp på krava? Kva er sikkert nok?