Synest du at det er mange konferansar i løpet av eit år?
Det synest vi. Difor har vi samla etablerte konferansar innanfor folkehelse, idrett, kultur, frivilligheit, friluftsliv, integrering, inkludering og samfunnsutvikling til Ã¥rets store møteplass i Vestland: Styrke i samspel-dagane 2026. Her fÃ¥r du det same gode – og litt til. SÃ¥ bli med pÃ¥ det som interesserer deg – men gje gjerne noko anna pÃ¥ programmet ein sjanse ogsÃ¥!
Styrke i samspel-dagane er ein møteplass der du
- får kunnskap og inspirasjon frå dyktige bidragsytarar
- kan utforske felles utfordringar og moglegheiter med relevante samarbeidspartnarar
Det felles målet vårt er å fremje gode lokalsamfunn, der frivilligheita, det offentlege, næringslivet og innbyggarane styrkar kvarandre og spelar på lag.
Kva kan du vente deg?
Programmet startar etter lunsj kl. 13:00 torsdag 15.oktober, og avsluttast kl. 16.00 laurdag 17.oktober.
Fredag 16.oktober kl. 09:30-12:00 vil arrangerast som ein felles sesjon. Resten av programmet går i fire parallelle spor, og du kan lage ditt eige program som passar akkurat for deg.
Spor 1: Er vi beredt?
Utfordringar møter oss overalt – på idrettsbana, på arbeidsplassen, i kvardagen og i verdssamfunnet. Korleis kan vi førebu oss betre, både som enkeltmenneske og som samfunn? I denne bolken utforskar vi korleis vi kan byggje robustheit og handlekraft for framtida.
Spor 2: Frå BUlyst til BLIlyst!
Bulyst handlar om meir enn vakre omgjevnader. Det handlar om infrastruktur, møteplassar, aktivitet og kvardagsliv. I denne parallellen undersøker vi kva som gjer lokalsamfunn attraktive – og korleis vi kan bygge dei slik at folk både blir, trivst og deltek.
Spor 3: Eit samfunn for alle?
Kva skal til for at alle kan delta i fellesskap – på skulen, i arbeidslivet og på fritida? Vi løftar fram konkrete utfordringar, men også løysingar, som fremjar inkludering, deltaking og livsglede gjennom heile livet.
Spor 4: Verktøykassa
Praktisk, konkret og rett på sak. Denne parallellen gir deg verktøya du treng for å samhandle, drive utviklingsarbeid, søke midlar, planlegge prosjekt og arrangere aktivitetar på ein god og inkluderande måte.
I tillegg til dette, blir det sosiale kveldsarrangement. Meir informasjon og program kjem snart!
Av arrangementa som blir slått saman er Folkehelsekonferansen Vest, der Alrek har vore arrangør.
Set av dagane, påmelding og program blir å finne her frå midten av mars: Styrke i samspel-dagane 2026, okt 15.
