Arbeidsliv og folkehelse: Beredt på morgendagen?

30.-30. september 2026

09:00 - 15:00

Kunnskaspsenteret, Region Nordhordland helsehus, Knarvik

For femte år på rad arrangeres Arbeidsliv og folkehelsekonferansen i Nordhordland - i år med søkelys på beredskap, omstilling og lederskap.

Meld deg på her og bli med, kr 400,- per person

Om konferansen

Korleis byggjer vi eit arbeidsliv som er rusta for framtida? Årets konferanse set søkjelys på teamet «Beredt for morgondagen», med fokus på berekraftige arbeidsmiljø, inkludering, leiarskap, psykisk helse, KI og framtidas arbeidsliv. Konferansen er open for alle interesserte og samlar fagpersoner, leiarar, tillitsvalde, verneombod og HR- tilsette til ein inspirerande dag med fagleg påfyll, refleksjon og gode møtepunkt på tvers av sektorar.

 

Program

08.30 Kaffe, registrering og mingling

Kom og ta deg en kaffe og en prat

09.00 Velkomen

Helen Lundberg, nestleiar i styret i Nordhordland Næringslag opnar konferansen.

09.10 Nordhordland og verda, no og framover

May-Lynn Osland, ordførar i Gulen, gjev oss sitt blikk på Nordhordland og verda no og framover.

09.20 Endringar til det betre? Panelsamtale

I denne debatten ser vi framover og på korleis vi må førebu oss på nokre av endringane knytte til arbeid og helse som nyleg er innførte. Bedrifter med tariffavtale må no forskottere sjukepengar til dei tilsette og få refusjon frå Nav i etterkant.

Kva konsekvensar får dette for verksemdene? Og kva ansvar har Nav? Legane får sterkare insentiv til å nytte gradert sjukmelding, men har dei gode nok føresetnader for å vurdere kva slags tilrettelegging som faktisk er mogleg på arbeidsplassen til pasienten?

Til slutt er det no tydelegare krav i arbeidsmiljølova om å arbeide systematisk for eit fullt forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø. Korleis kan verksemdene gjere dette i praksis, og kva effektar kan vi vente oss?

Dette vert hovedtemaene i panelsamtale med Bjarte Hysing- Olsen, direktør Nav Vestland, Rolf M. Tande, lege og Cecilie Aarland, HR-leiar Romarheim AS.

Moderator: Berit Angelskår, klyngeleiar Alrek helseklynge

09.55 Pause

Pause og mingling

10.10 Leiing på framtidas arbeidsplass

Åshild Mongstad, lektor v/Høyskolen Kristiania, forfattar og leiarutviklar

Mongstad er utdanna sjukepleiar og sosialantropolog. Ho har brei erfaring frå leiarroller i praksis, og i tillegg til å undervise i leiarskap arbeider ho som organisasjons- og leiarutviklar. Ho tilbyr innsikt, verktøy og prosessar som fremjar utvikling, læring og samarbeid i endringsprosessar.

10.40 Leiing i livsfasar

Silje Mæland, professor ved Universitetet i Bergen og leiar av Nasjonalt fagråd for arbeid og helse

Silje Mæland er utdanna fysioterapeut og har forska på arbeid, helse og sjukefråvær i ei årrekke. Ho leiar no to arbeidspakkar i forsknignsprosjektet KLAR – Kvinnehelse, overgangsalder og arbeidslivsdeltaking ved Universitetet i Bergen. Kvart år går nærmare 30 000 kvinner inn i overgangsalderen og ein kan forvente at 30% av desse får betydelege helseplager. Er arbeidslivet beredt på å ivarta arbeidskrafta i denne livsfasen?

11.15-12.00 Lunsj

Lunsj serveres av Gløde

12.00 Inkluderande arbeidsliv i praksis – samarbeid som skapar moglegheiter

Hilde Grøteide Emblem, leiar for HR og løn i Alver kommune vil i dette innlegget fortelje om korleis dei arbeidar for å få ein inkluderande arbeidsliv.

12.20 Det viktigaste er å få vanlege menneske til å gjere ein uvanleg god jobb

Håvard Kvarme, HR rådgjevar, Aker Solutions

Kvarme har arbeidd med HR i ei årrekkje og har mellom anna utdanning innan coaching, endringsleiing og arbeidsrett. Han har samarbeidd tett med Nav og vore med på å utvikle eit system for inkludering i Aker Solutions. Vi får høyre hans innspel på korleis ein kan få vanlege menneske til å gjere ein uvanleg god jobb.

12.55 Pasue

13.10 HelseIArbeid: Kva, for kven og korleis

Reidun Eggesbø, Nav arbeidslivssenter Vestland

Kva om rett kunnskap til rett tid kunne hjelpe fleire til å halde fast på arbeid, aktivitet og livskvalitet? Det er tanken bak HelseIArbeid. Eggesbø har arbeidd med arbeidsmiljø  og samanhengen mellom helse og arbeid i ei årrekkje. Ho ønskjer å løfte fram korleis kunnskap kan vere eit viktig verktøy for meistring, både gjennom individtiltaket og den digitale kunnskapspakken i HelseIArbeid.  «Når vi forstår meir, blir vi ofte mindre redde. Når vi blir mindre redde, tør vi meir.»  Vil du vite meir om korleis forskingsbasert kunnskap kan bidra til meistring og deltaking? Då er HelseIArbeid verdt å utforske.

13.30 IA bransjeprogram: Bransjeprogram som ein del av løysinga

Cedric Lionel Valentin, prosjektmedarbeidar og seniorrådgjevar, KS

Valentin jobbar med KS sitt IA bransjeprogram for sykeheimar og heimetenesta.

13.40 Pause

Pause og mingling

14.05 KI og morgondagens arbeidsliv – kva tyder det for inkludering?

Bente Valland, organisasjonsutviklar i Sopra Steria

Valland er forretningsrådgjevar innan organisasjons-, endrings- og leiarutvikling. Ho har spisskompetanse på endringsprosessar og ni års erfaring frå HR, leiarutvikling og digitalisering i privat og offentleg sektor. Gjennom ei rekkje prosjekt har ho opparbeidd seg brei erfaring med korleis kunstig intelligens blir teken i bruk i organisasjonar, frå toppleiinga til medarbeidarane.

14.30 Tilhøyrsle er ikkje noko HR kan bestille før lunsj

Daniel Getaneh Hatland, forfattar, føredragshaldar og samfunnsdebattant

Hatland er ein prisbelønt foredragshaldar og ei profilert stemme innan mangfalds- og inkluderingsarbeid. Han kombinerer fagleg innsikt, praktisk erfaring og personlege perspektiv i arbeidet sitt, og har bistått ei rekkje organisasjonar i både privat og offentleg sektor med mangfalds- og inkluderingsarbeid. Vi gler oss til å høyre innlegget hans om tilhøyrsle på arbeidsplassen.

15.00 Avslutning og vel heim

Servering: Lunsj, frukt, kaffe, te

Pris pr. deltakar: 400 kroner

Velkomen til ein dag med innsikt, inspirasjon og konkrete perpektiv på korleis vi saman kan verte betre rusta for morgondagen.

Hvordan komme seg til Kunnskapssenteret i Nordhordland helsehus?

Besøksadresse
Kunnskapssentere og rommet «Nordhordland» ligger i 6. etasje på Helsehuset i Knarvik, med adresse Kvassnesvegen 40.

Hovudinngangen finn ein ved almenningen når ein kjem gåande i Kvassnesvegen.

Buss

Det er ca fem minutt å gå fra bussholdeplassen i Knarvik med hyppige forbindelser til Bergen og omegn som en finner oversikt over i skyss sin app.

Parkering
Det er liten parkeringskapasitet i parkeringsanlegget i kjelleren av bygget. De som må benytte bil kan finne parkering ulike steder på Knarvik senter mot betaling.

Arrangører

Verdensdagen for psykisk helse: Tillit og ytringsklima på jobb

14.-14. oktober 2026

Midgard, 0. etasje, Alrek, Årstadveien 17

Samspel LIVE: Ein kveld om å spele kvarandre gode

16.-16. oktober 2026

Litteraturhuset i Bergen

Styrke i samspeldagane

15.-17. oktober 2026

Vestlandshuset, HVL Campus Kronstad og Energisenteret for barn og unge, Haukeland universitetssjukehus.

Hvordan avdekke vold i nære relasjoner og bidra til tryggere og bedre liv?

20.-20. oktober 2026

Radisson Blu Royal Hotel (SAS-hotellet), Bryggen, Bergen