Vi skal utvikle nokre produkt og vi skal styrke samarbeid lokalt, regionalt og internasjonalt for å nå målsettinga med prosjektet
- Samarbeide med 3. års studentar ved VID i Bergen om å lage 1 – 2 VR-filmar om åndeleg omsorg innan psykisk helse og rus i løpet av 2024. VID har topp utstyr og proffe folk til å lage slike filmar. Deler av tildelinga dekker kjøp av skodespel.
Filmane kan brukast i utdanning og i klinisk praksis. Utstyr til å vise VR-filmar vert meir og meir vanleg både innan utdanning og i klinisk praksis. Når filmane er ferdige vil vi tilby dei til samarbeidspartnarar her vest som HVL samt ut i klinikken der dei har tilgang på VR-utstyr. Dersom filmane blir tatt vel imot er vi opne for å dele dei med alle som er interesserte.
- Utvikle 1 – 2 filmar som inviterer til samtale og refleksjon kring problemstillingar frå praksis der meining, verdiar og tru blir satt i spel, der ein av situasjonane tar opp at personale eller pasienten har minoritetsbakgrunn.
- Ei større samling på hotell med internasjonale forskarar som arbeider med utvikling av undervisningsmateriell innan åndeleg omsorg. Deltakarar vil dele erfaringar og drøfte korleis ein kan dele det som er utvikla på tvers av ulike språk. Vi vil også kritisk vurdere kva som manglar av undervisningsmateriell.