Tema for konferansen er betydning av oral helse for generell helse – og omvendt, og Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland (TkVestland) arrangerer konferansen saman med mellom andre Universitetet i Bergen.
Geronett er eit tverrfagleg forskingsnettverk for eldrehelse med medlemmer frå tannhelsetenesta, helse- og omsorgstenesta, utdanningsinstitusjonar og sjukehus. Dei ønsker å bidra til auka samarbeid mellom oral helse i andre helsetenesteområde. Derfor arrangerer Geronett ein konferanse med fokus på aldring og helse, der betydninga for oral helse for generell helse hevast fram.
Geronett inviterer derfor alle som har interesse for forsking relatert til eldrehelse og eldretannhelse til Geronett-konferansen 2021. Det kommer fleire anerkjente nasjonale og internasjonale forskarar som bidreg med kompetansen sin den 23. og 24. november.
Les meir, sjå program og meld deg på: https://www.geronett.no/