MENY

Partnere i helseklyngen

Alrek helseklynge er et storstilt helseklyngeprosjekt med solid forankring i de helsefaglige miljøene i Bergensområdet.

Vestland fylkeskommune

Tannhelsetjenestens Kompetansesenter Vestland (TkVestlandskal bidra til tverrfagleg forsking og utvikling som kan auka innbyggjarane sine moglegheiter for god helse og gode liv. Vi vil medverka til at oral helse blir set på dagsorden og synleggjera samanhengen mellom oral helse og generell helse. Gjennom deltaking i Alrek helseklynge vert me kjent med moglege samarbeidspartnarar og brukarorganisasjonar som kan inngå i framtidige forskings- og innovasjonsprosjekt.  

Ved å aktivt bruke Alrek helseklynge sine kommunikasjonskanalar kan vi synleggjere vår aktivitet til helseklyngas deltakarar og eit breiare publikum. Alrek helseklynge kan medverke til at vi vågar å vera utradisjonelle, løftar blikket og utviklar eit meir heilheitleg helseperspektiv.

I samarbeid med andre aktørar står ein sterkare i arbeidet med å utvikla innovative, tenlege og kunnskapsbaserte tenester til beste for alle innbyggjarane. TKVestland og Tannhelsetenesta i Vestland er stolt av å vere ein del av Alrek helseklynge. Gjennom tverrfagleg samarbeid innan forsking og klinisk teneste skal me saman leggja til rette for god helse og gode liv, frå barndom til alderdom.

Høgskulen på Vestlandet

Senter for omsorgsforskning, vest, ved Høgskulen på Vestlandet

Vi forskar på velferdstenester, med fokus på den kommunale helse- og omsorgssektoren. Forskinga vår gir kunnskap om tenestene i eit samanliknande perspektiv, både lokalt og internasjonalt. Vi er eit tverrfagleg forskingssenter, med særleg kompetanse på samfunnsvitskapeleg tilnærming.

E-helsearena HVL er ein del av senteret. Dette er ein arena for forsking, innovasjon og læring for studentar og forskarar, helse- og omsorgssektoren og dei som utviklar velferdsteknologiske løysningar.

Eit knippe av det vi forskar på:

  • Aldersvennlege samfunn
  • Eldreomsorg
  • Endringar i velferdsstaten
  • Fleirkulturelle stabsfellesskap ved norske sjukeheimar
  • Heimen som omsorgsarena
  • Helsepolitikk
  • Offentleg organisering, ny kunnskap og tenesteutvikling
  • Pårørande sine erfaringar
  • Tillitsreformar i kommunale heimetenester
  • Teknologi i helse og omsorgssektoren
  • Utvikling og implementering av praksisar i kommunehelsetenesta
  • Velferdsteknologi og tenestesamhandling
  • Velferdsteknologi for menneske med demens

Ta gjerne kontakt med oss!

Du finn meir informasjon om oss og senteret på heimesida vår: hvl.no/sofv

Sjå også: Senterleiing, tilsette og stipendiatar ved Senter for omsorgsforsking, vest

Universitetet i Begen

Universitetet i Bergen er tungt inne i Alrek helseklynge med forsking og utdanning innan både medisin, odontologi og psykologi.  

Det medisinske fakultet: 

PANDEMISENTERET
Pandemisenteret ved UiB er med i Alrek helseklynge. Senteret er tverrfakulært, og skal produsere samfunnsrelevant kunnskap for førebygging og handtering av pandemiar i eit langsiktig perspektiv. Pandemisenteret har som føremål å initiere og legge til rette for tverrfagleg forskings- og utdanningssamarbeid om tema relatert til pandemiar.  

INSTITUTT FOR KLINISK ODONTOLOGI:
Institutt for klinisk odontologi er ein del av Alrek helseklynge, og held til i bygget kalla Odontologen i Årstadveien. Ved sidan av å utdanne tannlegar og tannpleiarar, skjer det også mykje forsking på instituttet. Forskinga er spissa gjennom sterke forskingsgrupper innan styrt vevsbygging og regenerasjon, biomateriale, klinisk odontolgisk forsking og orale infeksjonar og inflammasjonar. Laboratoriet på Odontologen har MicroCT som nyttast både av eksterne og interne forskarar.  

INSTITUTT FOR GLOBAL HELSE OG SAMFUNNSMEDISIN
Institutt for global helse og samfunnsmedisin er ein del av Alrek helseklynge. Instituttet driv forsking og utdanning på eit breidt spekter av fagområde; frå fysioterapi, genetisk rettleiing, epidemiologi, samfunnsmedisin, statistikk, sjukepleie – til samfunnsfarmasi, etikk og allmennmedisin.  

På instituttet er det fleire senter som er ein viktig del av helseklynga; Senter for alders- og sjukeheimsmedisin, SEFAS, og Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring, TVEPS. 

Det er også to lokale forskarskuler på instituttet, Forskarskulen i samfunnsmedisinske fag og Forskarskulen i internasjonal helse.  

SEFAS
Senter for alders- og sjukeheimsmedisin, SEFAS, jobbar med forsking og undervising ved sjukeheimar og i heimebasert behandling, samt implementering av forskingbasert kunnskap inn i kommunen. Senteret har både lokale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnerar.  

TVEPS
Senter for tverrprofesjonell samarbeidslærin, TVEPS, trenar helse- og sosialfagstudent i tverrprofesjonelt samarbeid. Senteret er eit samarbeid mellom UiB, Høgskulen på Vestlandet, Bergen kommune og Øygarden kommune. Studentar frå mange felt kjem saman på sjukeheim, skular, barnehagar og andre stader for å jobbe saman på tvers av studier. 

FORSKINGSEINING FOR HELSEUNDERSØKINGAR
Forskingseining for helseundersøkingar, FHU, er ein kjernefasilitet i Alrek som hjelper forskingsgrupper frå mange fagmiljø med å drive fram ulike typar studier; til dømes observasjonsstudierintervensjonsstudier og barnestudier. Desse studiane gjerast på friske personar og pasientar med lettare sjukdom som ikkje krev sjukehusopphald. FHU er eit samarbeid mellom Klinisk Institutt 2 (link) ved Det medisinske fakultet og Haukeland Universitetssjukehus. 

Det psykologiske fakultet

Forskarar, post-doktorar, stipendiatar og studentar frå dei tre institutta, sentra og poliklinikken ved fakultetet deltek i faggrupper, komitéarbeid, forsking og utdanning i Alrek helseklynge. Fagmiljøa dekker psykisk helse gjennom heile livsløpet, samt utdanning og forsking på psykisk helse.  

INSTIUTTT FOR HELSE MILJØ OG LIKEVERD (HEMIL)
Instituttet har utdanning og forsking i helsefremjande arbeid, barnevern og global utvikling, og er tverrfagleg innan helse- og samfunnsvitskapeleg forsking lokalt og globalt. Instituttet deltek i fleire faglege forum og grupper samt forskingsprosjekt i Alrek helseklynge.

Forskingstema: Samarbeid med andre partnarar i klynga både om forsking på barn og unge under pandemien, på fastlegerollen og på samarbeid i helsetenesten for unge voksne med depresjons-diagnose.  Eksempel på prosjekt: BIE og GP-Dep. 

INSTITUTT FOR KLINISK PSYKOLOGI:
Instituttet deltek i fleire faglege forum og grupper samt forskingsprosjekter i Alrek, som eksempelvis ALREK Faggruppe eldrehelse og eldreomsorg.  Instituttet underviser og veileder også i universitetspoliklinikkaneInstituttet har teoretisk, praktisk og klinisk opplæring av studentar, og forskar på behandling, utreiining, måling og forståelse av psykisk helse. 

Tilsette er også engasjert i fellesprosjekt, som «Moralsk stress hos helsearbeidere i Norge under Covid-19 pandemien», eit samarbeidsprosjekt med IGS og ansatte i Helse Vest.

INSTITUTT FOR BIOLOGISK OG MEDISINSK PSYKOGOLOGI (IBMP):
IBMP inkludert universitetspoliklinikk for nevropsykologiDen faglege verksemda ved instituttet er omfattande og knytt til forsking og undervisning innan biologisk psykologi, kognitiv nevrovitenskap, nevropsykologi og logopedi.  

SENTER FOR KRISEPSYKOLOGI:
Senteret er eit nasjonalt kompetansemiljø innan krisepsykologi, og driv forsking, utdanning og formidling innan traumer, sorg og alvorleg somatisk sjukdom. Forskarar frå senteret deltek i samarbeidet i Pandemisenteret som også er ein del av Alrek helseklynge. Forskingstema er korleis pandemien påverkar oss gjennom respons, motstandskraft og beredskap.  

PSYKOLOGISK UNIVERSITETSPOLITIKK, UiB:
Poliklinikken er eit samarbeid mellom Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP) og Institutt for klinisk psykologi (IKP), og er ein opplærings-arena for studentane på psykologi. Klinikken tar imot pasientar med lettare psykiske vansker til behandling. Dei  blir behandla av studentar under rettleiingPasientar med lerevanskar, psykiske og/eller somatiske vanskar eller lidingar tas imot for nevro-psykologisk undersøkingStudentar vil ha ansvar for deler av undersøkelsen under rettleiing 

Klinikken består av fire avdelingar:

Her finn du kontaktinfo

OFISIELLE SAMMARBEIDSPARTNERE

Universitetet i Bergen

Bergen kommune (Byrådsavdeling for eldre, helse og frivillighet)

NORCE

Høgskulen på Vestlandet

Haraldsplass Diakonale Sykehus

Vestland fylkeskommune (tannhelsetjenesten)

Helse Bergen

Folkehelseinstituttet

VID

ANDRE SAMMARBEIDSPARTNERE

Alrek helseklynge ønsker også å samarbeide med næringsliv, legemiddelindustri og aktuelle offentlige instanser på områder hvor det er relevant.